Bli kjent med våre eiere

Driv Agder er eid av Agder fylkeskommune og 21 kommuner i Agder. Vi er stolte av våre eiere, og vil at du skal lære dem å kjenne. Derfor presenterer vi én kommune i hvert nyhetsbrev fremover.
Her møter du næringsrådgiver i Bykle, Nils Johan Markus Lund

Hvorfor ønsket dere å være en del av denne satsningen?

– Som ein liten kommune i utkanten av fylket er det ekstra viktig for oss å vere ein del av eit større samarbeid som kan styrkje næringslivet og utviklingsmoglegheitene i regionen. Då vi vart invitert med i Driv Agder, såg vi ein moglegheit til å knyte oss til eit større nettverk og få tilgang på kompetanse, kapasitet og kreativitet som vi på eiga hand ikkje ville ha hatt. For oss handlar det om å sikre framtidsretta utvikling i Bykle – og det krev samarbeid på tvers av kommunegrenser.

“Det beste av alt er at det skjer på våre eigne premissar, med stø kurs og godt driv.”

Hva har dere fått ut av det så langt?

– Gjennom Driv Agder har vi fått tilgang til ein omfattande kursportefølje for gründerar via den digitale kursportalen deira, noko som gjev både låg terskel og stor fleksibilitet for dei som ønskjer å lære meir. I tillegg har Driv Agder arrangert fysiske kurs og samlingar her i Bykle, som har bidrege til å byggje både kompetanse og nettverk lokalt. Gründerane våre får òg tilgang på ei rekkje spesialistar innanfor område som bedriftsutvikling, marknadsføring og innhaldsproduksjon – noko som gjev verdifull støtte i ein fase der mange elles står ganske aleine. For ein liten kommune som vår betyr dette mykje.–

– Samstundes ser vi at Driv Agder har ein viktig rolle som ein trygg og nøytral samtalepartnar – nokre gründerar har behov for å teste ut idear i ein fortruleg samanheng før dei eventuelt løftar det vidare i eige nettverk eller lokalsamfunn. Det er ikkje alltid lett å vite når tida er inne for å presentere ein idé, og då er det verdifullt å ha ein aktør med teieplikt, også ovanfor oss som eigar. Det gjev tryggleik og senker terskelen for å kome i gang.

Hva håper dere det skal bidra til på sikt?

– Vi håpar at Driv Agder kan vere ein god medspelar – ein slags katalysator med litt ekstra futt – som gjer det enklare å starte og utvikle verksemder, også her hos oss i fjellheimen. Bykle har aldri vore redde for å gå føre, men vi ser verdien av å spele på lag med andre som også vil få ting til å skje. På sikt ønskjer vi at gründeren – enten det er nokon som sit på kjøkenet i Bykle eller på ei fjellhytte utanfor Hovden – skal oppleve eit sømlaust samarbeid med heile verkemiddelapparatet, der Driv Agder er ein av fleire viktige brikker som gjer det enklare å få idear ut i livet.

– Vi ser på det som ei investering i framtida – i arbeidsplassar, trivsel og livskraftige lokalsamfunn. Og det beste av alt? Det skjer på våre eigne premissar, med stø kurs og godt driv. 

Neste
Neste

Bli kjent med våre eiere